Eit Område i Vekst

Nordmenn vel i stadig aukande grad å bu urbant, ifølgje Statistisk Sentralbyrå (SSB).

Medan det har vorte opp mot 7 prosent fleire busette i heile landet dei siste fem åra, har det samstundes vore ein oppgang på 18 prosent busette i sentrumssonene. Det er òg eit politisk ønskje at me skal nytta tettstadsarealet så godt som råd, for å minka presset på areala i nærleiken og minimera transportmengda mellom bustad, arbeid og eit variert tenestetilbod.

I Leirvik sentrum har talet på busette auka med litt over 19 prosent frå 2000 til 2013, ifølgje SSB. Med bygginga av Hamnetind Sentrumskvartal får endå fleire sjansen til å bu urbant og godt på Stord. Her får ein også høve til å halda fast ved bukvalitetar som sjenerøs utsikt, ypparlege solforhold og romslege husvære med plass til overnattingsgjester - kvalitetar mange er vande med frå livet litt utanfor sentrumskjernen.

Aktiviteten til bebuarane i dei over 60 Hamnetind-leilegheitene vil bidra til meir liv i Leirvik sentrum. Vonleg vil kundegrunnlaget dei utgjer også kunna bidra til vidare utvikling og vitalisering av handels-, service og kulturtilbodet i bykjernen.

Stord er ein av dei raskast veksande kommunane på Vestlandet og eit naturleg sentrum for mange verksemder. Fleire store industrikonsern er etablert på Stord, fleire kjem til. Stord har ein egen konjunktur, nokon gonger er det stor aktivitet, norke ganger er det stilt, med det går alltid på opp og fram.

Stord vil bli eit stadig viktigare regionsenter framover, særleg etter at den alt vedtekne ferjefrie kyststamvegen mellom Bergen og Stavanger står klar. Prognosar tek utgangspunkt i at folketalet på Stord og i Sunnhordland vil auka monaleg i åra som kjem.

Hamnetind vert bygd med dagens byggemetode og TEK 10 som er dagens byggtekniske kvalitet. Det er enkelt og sutalaust å eige, og bu. Som investering står slike bygg seg svært godt, og når kvaliteten er på plass tar ein del i den verdistigninga som er i bustadmarknaden.

Hamnetind har 9 etasjar midt i sentrumskjernen av Lerivik sentrum, kanskje ein unik moglegheit, som ikkje kjem att.

Velkommen til Hamnetind.

Kontaktinfo

Hamnetind Sentrumskvartal
Det gode liv i Leirvik

Last ned dokumenter:
Prospekt Høgatinden, Prospekt Midttinden, Salgsoppgave Midttinden, Kjøpetilbud, Kjøkken/Bad/Tilvalg, Nøkkelinformasjon

For meir informasjon om Hamnetind
Sentrumskvartal, ta kontakt med oss på:

T: 90 99 40 40
E: Andreas.Hauge@hamnetind.no

Kontaktskjema

Hamnetind sentrumskvartal – se salgsoppgave

3D og 2D tegninger er illustrasjoner for å gi et inntrykk av byggene og prosjektet. Illustrasjoner kan også ha avbildet tilvalg, som ikke er med i standard leveranse. Foto er ment å illustrere området, uten at det er nøyaktig og bindende. Det tas forbehold om skrivefeil. For data som danner grunnlaget for avtale se salgsoppgave med alle vedlegg og leveransebeskrivelse.