Kvifor bu i Hamnetind

Lett å bu

Ein lettstelt og effektiv bustad gir meir fritid og fridom til å gjera det du aller helst vil. Det er livskvalitet, det.

De når oss på telefon 90994040 - fastlinja vår vart øydelagt under rivning av første bygget  i tomten. Beklager dette.

Lett å få besøk

Alle er i sentrum no og då, og kort veg til buss og båt, er det lett for gjester å stikka innom på korte eller lengre visittar. Og når borna dessutan slepp dårleg samvit for hagearbeid eller husmaling dei skulle hjelpt deg med, skal du berre sjå at dei kjem hyppigare på døra også.

Lett å reisa frå og koma heim til

Utan bygningsmasse og hage å ta hand om, er det berre å låsa og reisa sin veg. Nyt ein langweekend på hytta, eller kanskje tre månader i varmare strok? Vel heime igjen, er alt som du forlét det.

Lett å vera både privat og sosial

Her kan du nyta stundene i eige selskap, inne hos deg sjølv eller ute på din eigen altan. Føler du for å vera sosial, er det kort veg til ein drøs med naboen. Kanskje tuslar de like godt bortom ein av serveringsstadene i sentrum?

Stor variasjon

Hamnetind Sentrumskvartal inneheld eit stort spekter av ulike leilegheitstypar, frå små og prisgunstige til store og eksklusive. Dei funksjonelle planløysingane er spesialtilpassa plasseringa som leilegheitene har i dei ulike bygningane, for å sikra best mogleg utsikt og arealutnytting. Mangfaldet av leilegheiter gir deg ein unik sjanse til å finna sentrumsbustaden som passar deg og din livssituasjon.

Gjennomgåande leilegheiter

Mange av leilegheitene i Hamnetind sentrumskvartal har ei gjennomgåande planløysing frå aust mot vest. Dette gjev ein unik kombinasjon av utsikt og ettermiddagssol som få andre bygg i Leirvik kan måle seg med. I Høgatinden har mange av dei 32 leilegheitene anten altanar både på aust og vestsida, eller ein kombinasjon av altan i aust og felles svalgang på vestsida.

Tett på sjøen og alt sentrum har å by på

Leirvik er kjent som ei lun og god hamn. I Hamnetind kan du følgja aktiviteten i hamna frå fugleperspektiv, samtidig som du har alt du treng av butikkar og service- og offentlege tenester like rundt hjørnet. Senteret i sentrum ligg vegg i vegg. Frå heisen er det gangveg gjennom parken til inngangspartiet på senteret.

Høgt og fritt

I Hamnetind bur du høgt og fritt, med fantastisk utsikt mot kvinnheradsfjella og blånene i aust, Vikafle, Leirvik hamn og sentrum. Høgda gjer også at solforholda er svært gode.

Parkering

Under bustadene får Hamnetind Sentrumskvartal eit eige lukka parkeringsanlegg.

Park

På vestsida av Hamnetind vert det ein eigen park. Parken vert møtepunktet for alle i Hamnetind, men ein vel sjølv om ein vil finne ein lun krok og ei god bok. Den vert laga med lune krokar, murar og det vert eit lite leikeareal. Parken får trapp frå Hamnegata og gangsti vidare til Kjøtteinsvegen og få meter til Amfi Senteret. Alle som bur i Hamnetind når parken frå heisen.

Kontaktinfo

Hamnetind Sentrumskvartal
Det gode liv i Leirvik

Last ned dokumenter:
Prospekt Høgatinden, Prospekt Midttinden, Salgsoppgave Midttinden, Kjøpetilbud, Kjøkken/Bad/Tilvalg, Nøkkelinformasjon

For meir informasjon om Hamnetind
Sentrumskvartal, ta kontakt med oss på:

T: 90 99 40 40
E: Andreas.Hauge@hamnetind.no

Kontaktskjema

Hamnetind sentrumskvartal – se salgsoppgave

3D og 2D tegninger er illustrasjoner for å gi et inntrykk av byggene og prosjektet. Illustrasjoner kan også ha avbildet tilvalg, som ikke er med i standard leveranse. Foto er ment å illustrere området, uten at det er nøyaktig og bindende. Det tas forbehold om skrivefeil. For data som danner grunnlaget for avtale se salgsoppgave med alle vedlegg og leveransebeskrivelse.