Leirvik

Her har du alt du treng i kvardagen like utanfor stovedøra.

Kjerna i kystbyen Stord – sjølve regionsenteret for Sunnhordland. Eit mangfald av handels- og serviceverksemder, serveringsstader og offentlege tenester. Knutepunkt for reisande. Kulturelt smørauge. Møtestad for unge og eldre. Ei lun og god hamn. Ein tettstad i positiv utvikling.

Alle desse kvalitetane er med på å gjera Vikjo til ein fantastisk stad å bu og leva. Her har du alt du treng i kvardagen like utanfor stovedøra.

Nabolaget byr også på små og store opplevingar som krydrar kvardagen med små dryss av ekstra livskvalitet. Det kan vera synet av snøggbåten som legg til kai mens morgonsola vartar opp med fargefest på himmelen i aust ein kjøleg vintermorgon. Det yrande folkelivet under Stordfest. Den gode smaken av nysteikte fiskekaker, fortært i frisk og god sjøluft nede på kaien. Den gode praten med ein gammal kjenning du tilfeldigvis møter i Borggata.

Som bybu kan du kjenna pulsen til lokalsamfunnet endra seg gjennom døgeret. Og du vel sjølv om du vil gå ut ta del i det som skjer, eller om du heller vil nyta utsikta frå orkesterplass heime i di eiga stove.

Mange har allereie oppdaga gledene ved å bu i Leirvik sentrum. Med utbygginga av Hamnetind sentrumskvartal får gledene heilt nye dimensjonar.

Kontaktinfo

Hamnetind Sentrumskvartal
Det gode liv i Leirvik

Last ned dokumenter:
Prospekt Høgatinden, Prospekt Midttinden, Salgsoppgave Midttinden, Kjøpetilbud, Kjøkken/Bad/Tilvalg, Nøkkelinformasjon

For meir informasjon om Hamnetind
Sentrumskvartal, ta kontakt med oss på:

T: 90 99 40 40
E: Andreas.Hauge@hamnetind.no

Kontaktskjema

Hamnetind sentrumskvartal – se salgsoppgave

3D og 2D tegninger er illustrasjoner for å gi et inntrykk av byggene og prosjektet. Illustrasjoner kan også ha avbildet tilvalg, som ikke er med i standard leveranse. Foto er ment å illustrere området, uten at det er nøyaktig og bindende. Det tas forbehold om skrivefeil. For data som danner grunnlaget for avtale se salgsoppgave med alle vedlegg og leveransebeskrivelse.