Fabelaktig utsikt og strålande solforhold

Frå mange dei austvendte altanane kan du nyta utsynet til hamna, Vikafle og vidare utover mot Hystadøyane, fjorden og fjella i aust. Me meiner dette er ein av hovudingrediensane når du skal bu godt i sentrum av ein kystby.

Nærleiken til sjøen og leilegheiter som ligg høgt og fritt, gjer at du får ei fantastisk utsikt mot hamna, Vikafle, Kvinnheradsfjella og blånene i aust. Samstundes vil du kunna nyta framifrå solforhold frå tidleg morgon til seine kvelden. Ein solstudie utarbeidd for Hamnetind viser gode ettermiddag- og kveldssol tilhøve. Denne uslåelege kombinasjonen av utsikt og sol er noko få andre leilegheitskompleks på Vikjo kan skilta med. Oftast må ein ta til takke med anten utsikt eller sol.

Hamnetind Sentrumskvartal får egen park på vestsida for alle bebuarane i bygga. Vel du å bu i høgden, eller ynskjer du noko urbant i 1. etasje, så er parken samlingsplassen. Parken ligg lunt på vestsida av bygget, og ein har tilkomst rett frå heisen. Grøntanlegget vert opparbeida med ein liten leikeplass, lune krokar, benkjer og vegetasjon. Her kan ein gå få meter på tøflene til handlesenteret på Vikjo, få ein kopp kaffi og ei fersk avis, ein kan finne seg ein benk i parken, eller ta heisen heim og vere privat.

For verkeleg å utnytta desse kvalitetane til fulle har, me valt å gjera alle leilegheitene frå tredje etasje og oppover gjennomgåande frå aust mot vest. Dermed vil du kunna eta frukost ute på terrassen til synet av morgonsola som stig over Kvinnherad i aust, før du etter dagens gjeremål slappar av i ettermiddags- og kveldssola på uteplassen din på vestsida.

Kontaktinfo

Hamnetind Sentrumskvartal
Det gode liv i Leirvik

Last ned dokumenter:
Prospekt Høgatinden, Prospekt Midttinden, Salgsoppgave Midttinden, Kjøpetilbud, Kjøkken/Bad/Tilvalg, Nøkkelinformasjon

For meir informasjon om Hamnetind
Sentrumskvartal, ta kontakt med oss på:

T: 90 99 40 40
E: Andreas.Hauge@hamnetind.no

Kontaktskjema

Hamnetind sentrumskvartal – se salgsoppgave

3D og 2D tegninger er illustrasjoner for å gi et inntrykk av byggene og prosjektet. Illustrasjoner kan også ha avbildet tilvalg, som ikke er med i standard leveranse. Foto er ment å illustrere området, uten at det er nøyaktig og bindende. Det tas forbehold om skrivefeil. For data som danner grunnlaget for avtale se salgsoppgave med alle vedlegg og leveransebeskrivelse.